Utstillingar og arrangement

Her finn du informasjon om aktuelle og komande utstillingar, kurs og arrangement. Eg gler meg til å vise fram nye verk og møte deg som er interessert i kunsten min.

Kystperler – salsutstilling på Alnes fyr

Desember 2026 – januar 2027

Eg gler meg til å vere ein av kunstnarane som stiller ut under Kystperler, ei felles salsutstilling ved Alnes fyr og opplevingssenter på Godøya, like utanfor Ålesund.

Utstillinga samlar lokale kunstnarar med ulike uttrykk og teknikkar, og gir besøkande høve til å oppleve eit spennande mangfald av kunst i dei flotte gallerilokala ved havet.

Eg deltek med eit utval av mine originale måleri, der figurative og abstrakte uttrykk møtest. Fargar, kontrastar, former og rørsle står sentralt i arbeidet mitt. Eg er særleg fascinert av kvinnekroppen, silhuettar og korleis eg kan utforske desse gjennom eit friare og meir abstrakt formspråk.

Alle måleria eg stiller ut, vil vere til sals.

Alnes fyr er ein heilt spesiell stad, omgitt av hav, natur og kysthistorie. Her kan du kombinere eit besøk i kunstgalleriet med ein tur langs kysten eller noko godt i kafeen.

Stad: Alnes fyr og opplevingssenter, Godøya

Utstillingsperiode: Desember 2026 – januar 2027

Eg håpar du tek turen innom!

Velkomen til Kystperler!

Målekurs – februar 2027

To dagar med abstrakt måling, fargelære og kreativ utforsking

I februar held eg eit todagars målekurs i abstrakt måling med akrylfargar, i samarbeid med Creativo i Ulsteinvik.

Kurset passar både for nybegynnarar og for deg som har måla litt frå før, og som ønskjer å utforske kreativiteten din i eit inspirerande og sosialt miljø.

Gjennom helga får du ei innføring i fargelære, fargesamansetjing og ulike teknikkar innan abstrakt måling. Vi skal eksperimentere med fargar, former og komposisjon, og du får individuell rettleiing undervegs.

Målet er at du skal skape ditt eige abstrakte måleri, som du får ferdigstilt og ta med deg heim etter kurset.

Som utdanna NLP-coach vil eg også flette inn enkle coachingøvingar undervegs. Her handlar det om å sleppe taket i prestasjonskrav, stole på eigne val og våge å utforske utan å vere redd for å gjere feil.

Eg ønskjer å skape eit trygt og inspirerande rom der du kan utvikle deg kreativt, finne måleglede og bli tryggare på din eigen prosess.

Det blir også tid til god lunsj, hygge og sosialt samvær begge dagane. Ei heil helg der vi kan senke skuldrene, vere kreative og hente ny inspirasjon saman.

Dato, pris og meir praktisk informasjon kjem snart.

Avgrensa tal på plassar!

For å sikre god individuell oppfølging og eit trygt og sosialt kursmiljø er det plass til maks 10 deltakarar.

Interessert? Ta gjerne kontakt allereie no for å melde di interesse og få informasjon når påmeldinga opnar.

 

Salsutstilling på Ulstein Hotell

14. og 15. august 2026 frå kl. 10.00

Under Trebåtfestivalen i Ulsteinvik stiller eg ut eit utval av arbeida mine på Ulstein Hotell. Verka på utstillinga vil vere til sals.

Her får du sjå både originalverk og kunsttrykk. Eg vil sjølv vere til stades store delar av både fredag og laurdag, og utstillinga held fram utover ettermiddagen og kvelden så lenge det er besøkande.

Velkomen innom for å sjå kunsten på nært hald og slå av ein prat.